Toradargruppa på fjernsynet i kveld

Førre veka gjorde TV2 opptak av Lom toradargruppe i Presthaugen. Måndag kveld kjem innslaget på fjernsynet.

Spelar opp på TV2: Lom toradargruppe blir å sjå på TV2 måndag kveld.   Foto: Tina Barlund Nicolaisen

Nyheiter

Espen og Stian Nicolaisen er med i Facebook-gruppa «Vi som vil ha tilbake trekkspill og gammaldans i radio og TV».

TV2 God sommar Norge har merka seg engasjementet til Espen og Stian, og tysdag førre veka kom eit filmteam frå fjernsynskanalen til Lom for å lage innslag med dei og Lom toradargruppe i Presthaugen.


Espen og Stian vil ha meir gammaldans i radio og TV – fekk besøk av TV2

Espen og Stian Nicolaisen er med i Facebook-gruppa «Vi som vil ha tilbake trekkspill og gammaldans i radio og TV». Tysdag kom TV2 for å lage innslag med dei og Lom toradargruppe.


I kveld kjem altså innslaget på fjernsynet. Ikkje onsdag som planen eigentleg var.