Over 130 gjenstandar blir synt fram i Presthaugen: Vakker treskjerarkunst

Dersom du vil sjå fantastisk treskjerarkunst frå Ottadalen, bør du ta turen til Presthaugen i løpet av sommaren.

Kulturskattar: I utstillinga finn ein kulturskattar på rekkje og rad.  Foto: Vigdis Kroken

Opninga: Utstillinga vart opna I Presthaugen. Frå venstre: Jørgen Hagen frå Gudbrandsdalsmusea, Gaute Helland, Anne Sulheim, Erik Frisvold og Jon Kleiven, alle frå Lom heimbygdslag.  Foto: Vigdis Kroken

Knivar: Utstillinga inneheld mykje ulikt, blant anna knivar.  Foto: Vigdis Kroken

Skrin: Eit flott skrin laga av Ola Brekken (1884-1949) frå Vågå. Både faren og fleire av brørne var treskjerarar, men det var berre Ola som gjorde treskjeringa til eit yrke.  Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

Utstillinga, som Gudbrandsdalsmusea står bak, set fokus på den sentrale plassen treskjering både har hatt og har i Ottadalen.

Utstillinga har stått i Jutulheimen i Vågå fleire veker, men nå er det Presthaugen sin tur.

– Utstillinga syner fram om lag 130 gjenstandar gjort av fleire enn 50 treskjerarar frå 1600-talet og fram til i dag, fortel Jørgen Hagen i Gudbrandsdalsmusea.

Han nyttar høvet til å takke alle som har vore til hjelp i samband med førebuingane til utstillinga, og trekkjer fram Sylfest Lykre, Gaute Helland, Svein Arne Tessneset, Kari Aasgaard, Paul Brun og Rune Hermansen som har gjort ein ekstraordinær innsats.

– I tillegg vil vi takke Maihaugen og ikkje minst privatpersonar som har lånt ut gjenstandar til oss. Utan denne velviljen har det ikkje vore mogleg å få synt fram denne fine kunsten, slår han fast.

Utstillinga vil vera open kvar dag i sommar.