Tore sette ny personleg rekord i Norseman Xtreme Thriathlon

Tore Sundero frå Vågå fullførte laurdag verdas hardaste triatlon med 3,8 kilometer symjing, 180 kilometer sykkel over Hardangervidda og 42,5 kilometer løp opp mot Gaustatoppen.
Nyheiter

Dette var andre gongen vagværen Tore Sundero stilte til start i Norseman Xtreme Thriathlon. Sist var i 2009.

– Eg har meldt meg på kvart år, men sidan det er stor interesse for å delta har eg ikkje nådd opp i trekkinga for å få startnummer, seier Tore Sundero.

Han fortel at det maksimale talet på deltakarar er 250. Nokre plassar blir tildelt norske og utanlandske eliteutøvarar, resten blir tidelt ved loddtrekking.

I år fekk han vere med att. Utdeling av startnummer skjer i november året i førevegen.

– Da får ein lite grann tid til å trene, seier Sundero.

Han fortel at han i snitt har trena ti timar i veka for å førebu seg på blodslitet i det som blir rekna for verdas hardaste triatlon.

Sundero har vore aktiv syklist i Ottadalen sykkelklubb i ei årrekkje. Og i ungdommen var han også aktiv innan symjemiljøet i heimbygda.

– Det har vore viktig med variert trening, seier Tore Sundero.

Det er mange kilometer og høgdemeter deltakarane skal opp og over frå Eidfjord til målgang på Gaustadtoppen.

Det startar med 3,8 kilometer symjing i Hardangerfjorden, før deltakarane skal ta seg over Hardangervidda og Imingfjell  på sykkel – ei distanse på 180 kilometer.  

I Austbygde ved Tinnsjøen går deltakarane av sykkelen og snører på seg løpesko for maraton på 42,5 kilometer som går mot Rjukan og opp til toppen av Gaustadtoppen – 1.850 meter over havet.

– Symjing og sykling gjekk nokså lett. Eg hadde krampe i føtene mest heile løpe-etappa, seier Tore Sundero.

Tøffast får deltakarane det etter 25 kilometer. Da startar stigninga frå Rjuken for alvor. Og i år var det ekstra tøft med 29 varmegrader i fjellsida.

For ti år sidan nådde Tore Sundero mål på Gaustadtoppen. I år vart han ikkje blant dei 160 som nådde ein av noregs beste utsiktstoppar.

Tore forklarer at det etter 32 kilometer er ei sjekkpunkt.

– Dersom ein ikkje er blant dei 160 fyrste her, får ein ikkje springe mot toppen, men må fullføre dei ti siste kilometrane i ei anna løype, seier Tore Sundero.

Han fortel at han kom som nummer 170. Ti plassar for seint ute for å få springe mot toppen.

Trass i dette, er Tore Sundero tilfreds med innsatsen i Norseman Xtreme Thriathlon.

Han brukte totalt 14 timer, 32 minutt og 58 sekund frå startskotet gjekk til han kom i mål.

Denne tida fordeler seg slik: 1.08,30  på symjing, 7.05,33 på sykkel og 6.07,49 på maratonløp.

Skifte mellom  symjing  og sykkel, og sykkel og løp var litt over fem minutt på kvar.

– Eg er ti år eldre sidan sist eg deltok, men sette likevel ny personleg rekord. Målet var å fullføre. Det klarte eg.

Sundero fortel at denne sporten har eksplodert dei siste år og at nivået har vore høgare.

– Blir det ein tredje gong i dette triatlon?

– Eg veit ikkje om eg vil seie ja til det i dag, men kven veit. Det er mykje anna artig å vere med på også, seier Sundero.

Som oppkøyring til Norseman Xtreme Thriathlon deltok han i Trollveggen triatlon der deltakarane blant anna syklar opp Trollstigen. Her vart Sundero blant topp hundre.

– Er triatlon noko du vil anbefale andre å prøve?

– Absolutt. Det er bra for kroppen å vere allsidig. Og det finst stuttare distansar, avsluttar Tore Sundero.