Naturfotografar finn rytmen i naturen

– Det er roa og livet i store bokstavar, å vere ute i naturen, seier naturfoto-ekteparet Orsolya og Erlend Haarberg som har busett seg i Vågå.
Nyheiter

Kva får to av dei beste naturfotografane i Noreg til å busetje seg i Nordherad i Vågå? Svaret seier seg eigentleg sjølv; naturen. Og nærleiken til fjell, som er det neste store prosjektet til naturfotografane.