Danskar fanga freda apollosommarfuglar: Kan få tusen kroner per eksemplar

Dei to danske mennene som vart tatt med bortimot 40 apollosommarfuglar i Gjendebu, tilhøyrer det danske sommarfuglmiljøet. Samlarar betaler opp til tusen kroner av den sjeldne sommarfuglarten.

Apollosommarfugl: Dei to danskane som denne veka vart pågripe av politiet, hadde fanga mellom 35 og 40 freda og utryddingstruga apollosommarfuglar. Samlarar betaler opp til tusen kroner av den sjeldne sommarfuglarten.  Foto: Åslaug Viken/Artsdatabanken

Nyheiter

– Dei veit utmerka godt kva dei har gjort og at dette var ulovleg, skriv seniorbiolog Thor Hjarsen frå WWF Verdas naturfond i Danmark i ein epost til Fjuken.