Supersommar for DNT-hyttene: Gjendesheim mest besøkt

Mange har brukt sommarferien til naturopplevingar i eige land. Fleire DNT-hytter har hatt besøksrekord i juli, og turistforeininga får stadig nye medlemar. Gjendesheim i Jotunheimen er den turisthytta med mest besøk.

Mest besøk: Gjendesheim turisthytte toppar lista over hytter med mest besøk i sommar.  Foto: Arve Danielsen/arkiv

Hyttebesøk: Generalsekretær Dag Terje Klarp Solvang har i sommar vore innom Sota Sæter, Fanaråkhytta, Skogadalsbøen, Fondsbu, Innerdalshytta, Måsvassbu, og her, med bestyrar Marius Haugaløkken på Gjendesheim turisthytte.   Foto: DNT

Nyheiter

Juli har vore ein rekordmånad for mange betjente DNT-hytter.

Hytta Svukuriset i Femundsmarka, som fekk nytt vertskap i år, har hatt ein auke på heile 44 prosent samanlikna med i fjor.

Gjendesheim toppar lista over hytter med mest besøk med 4.162 overnattingar. Nummer to på lista er Gjendebu med 3.964 og Rondvassbu på tredjeplass med 3.916.

Totalt hadde dei betjente hyttene 65.000 overnattingar i juli, som gjer at gjennomsnittet for årets juli er på høgde med fjorårets rekordsommar. 

– Mange har fått sansen for kortreist og bærekraftig ferie - og Norge er eit eksotisk og spektakulært ferieland, sier Dag Terje Klarp Solvang, generalsekretær i DNT, i ei pressemelding. 

Jotunheimen toppar lista over område med mest besøk.