Hærverk ved barne- og ungdomsskulen: Meldt til politiet

Det er gjort hærverk på benkar og brote sund greinar på tre i området mellom Skjåk barne- og ungdomsskule og Skjåkhallen. Saka er meldt til politiet.

Hærverk: Skjåk kommune har meldt hærverk på benkar og nyplanta tre ved Skjåk barne- og ungdomsskule til politiet.   Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Måndag 22. juni vart det oppdaga hærverk på benkar og nyplanta tre ved Skjåk barne- og ungdomsskule.

Det var velta benkar som står mellom skulen og Skjåkhallen. Ein stor og tung laftabenk var velta, og denne har teke skade av behandlinga.

Nå har Skjåk kommune meldt hærverket til politiet.

Politioverbetjent Kristian Plassen seier dei er interessert i tips om saka.