Blir avhøyrt for faunakriminalitet i Jotunheimen

To danskar har fanga sjeldne sommarfuglar i området ved Gjendebu. Dei kan nå vente seg ein straffereaksjon for faunakriminalitet.

Gjendebu: Det var i området rundt turisthytta at to danskar har fanga apollosommarfuglar som er freda og på lista over truga dyr- og planteartar.   Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

Politiet fekk måndag tips om to danske borgarar som har fanga sommarfuglar i området ved Gjendebu.

Dei har fanga apollosommarfuglar som er freda og på lista over truga dyr- og planteartar.

Dei to danskane hadde fanga mellom 35 og 40 sommarfuglar.

Politiet er i dag inne i Gjendebu og tek avhøyr av dei to.

Operasjonsleiar Dyre Antonsen i Innlandet politidistrikt, seier at dei to kan vente seg ein straffereaksjon etter dette.