Bil av vegen ved Lemonsjøen

Ein bil har køyrt av vegen og rulla rundt på fylkesveg 51 i nærleiken av skisenteret ved Lemonsjøen.

Ulykke: Naudetatane har rykka ut til ei ulykke på fylkesveg 51 ved Lemonsjøen. Førar er ute av bilen.   Foto: arkiv

Nyheiter

Det var cirka klokka 16.00 at naudetatane rykka ut til ei utforkøyring på fylkesveg 51 ved Lemonsjøen.

Ulykka skjedde like i nærleiken av avkøyringa til skisenteret og hyttefeltet, ved Kalvmyre.

Bilen har rulla rundt og stoppe i eit tre.

Føraren var einsleg og er ute av bilen.

Nasjonalitet på førar er ikkje kjent, men førar pratar engelsk, opplyser operasjonssentralen ved Innlandet politidistrikt.