Espen og Stian vil ha meir gammaldans i radio og TV – fekk besøk av TV2

Espen og Stian Nicolaisen er med i Facebook-gruppa «Vi som vil ha tilbake trekkspill og gammaldans i radio og TV». Tysdag kom TV2 for å lage innslag med dei og Lom toradargruppe.

Slår eit slag for gammaldansen: Espen og Stian Nicolaisen vart intervjua av TV2 om si interesse for gammaldans. Innslaget blir å sjå på TV2 God sommar Norge onsdag 14. august.  Foto: Tina Barlund Nicolaisen 

Nyheiter

Det er mange både i Ottadalen og rundt om i landet som ynskjer seg meir gammaldans i radio og på fjernsynet.

Facebook-gruppa «Vi som vil ha tilbake trekkspill og gammaldans i radio og TV» har 2.904 medlemmar.

To av dei er Espen og Stian Nicolaisen frå Lom. Aktive toradarspelmenn i Lom toradargruppe.

TV2 God sommar Norge har merka seg engasjementet til Espen og Stian, og tysdag kom eit filmteam frå fjernsynskanalen til Lom for å lage innslag med dei og Lom toradargruppe i Presthaugen.

Fjernsynsprogrammet lagar reportasjar om kultur via Facebook-grupper.

Lom toradargruppe spela opp til dans med reinlender etter Ola Kampen framfor fjernsynskamera.

Onsdag 14. august kjem reportasjen på God sommar Norge.

– Det er tydeleg at toradarmiljøet i Lom blir lagt merke til. Det er bra at TV2 viser interesse for gammaldansen. Dette er god reklame for både Lom og gammaldansen, seier primus motor for toradargruppa, Øystein Nicolaisen.

God reklame: Lom toradargruppe spela opp til dans i Presthaugen for TV2. – Dette er god reklame for både Lom og gammaldansen, seier primus motor for toradargruppa, Øystein Nicolaisen.  Foto: Tina Barlund Nicolaisen