Tor opplevde alle foreldres mareritt da sonen fall ut frå flytrapp og ned på asfalten

Tor Valdvik opplevde alle foreldres mareritt da sonen Oskar på to år fall ut frå flytrapp og rett i asfalten på Stansted flyplass i London. Ekteparet frykta sonen hadde slege seg i hel. Heldigvis gjekk det bra.

Fall ut av flytrapp og ned på asfalten: Sonen til Tor Valdvik fall gjennom eit slik type rekkverk og rett i asfalten. Valdvik frykta det verste, men heldigvis gjekk det bra. Ryanair fråskriv seg ansvaret for det skjedde.  Foto: upgradedpoints.com

Sjokkert: Tor Valdvik er sjokkert over kor lite alvorleg flyselskapet tek ei hending som dette.  Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

Det var i februar i år at Tor Valdvik frå Vågå var på tur saman med si britiske kone, sonen Oskar for å besøkje svigerforeldra med Ryanair til Stansted flyplass nord for London.

Det var VG som omtala saka fyrst.

Tor Valdvik fortel til avisa at han gjekk ut av flyet med sonen i den eine handa og ein koffert i den andre, da toåringen reiv seg laus frå han.

– Han falt frå toppen av flytrappa, gjennom gelenderet og rett ned på asfalten. Eit under at det gjekk bra. Eg kan ikkje forstå at han ikkje slo seg i hel, seier Tor Valdvik til VG.

Valdvik fekk hjelp av bakkemannskap og lege inne på flyplassen, men ingen frå Ryanair kom for å hjelpe til.

Tor Valdvik fortel til VG at han ikkje har høyrt noko frå flyselskapet etter den dramatiske hendinga.

Han fortel at han fleire gonger har prøvd å få kontakt med Ryanair for ei forklaring og kompensasjon.

Siste brevet vart sendt 4. mars. Svaret frå Ryanair kom 8. juli i år.

Der skriv selskapet at dei har etterforska saka. Ryanair skriv at trappa fungerte som den skulle, og at alle passasjerane fekk beskjed om å halde på små ungar når dei gjekk av flyet.

Ryanair fråskriv seg ansvaret for det skjedde.

Tor Valdvik seier til VG at han er sjokkert over kor lite alvorleg flyselskapet tek ei hending som dette.

– Kva tenkjer du om det Ryanair svarar, at det blir opplyst spesifikt at vaksne er nøydde til å holde barn fast ned trappa? Er det ikkje du som ikkje held hardt nok fast?

– Det forstår eg at folk kan tenkje, men når du har ein koffert i den eine handa og barnet i det andre så må systemet vere idiotsikkert. Sett i ettertid burde eg sjølvsagt ha gått ned med guten fyrst og så med kofferten. Men eit slikt system må vere idiotsikkert. Det må vere poenget, seier Valdvik til avisa.

Tor Valdvik vil ikkje sleppe saka og har gjort sine eigne undersøkingar.

I 2009 fall ei tre år gamal jente frå flytrappa i ei identisk ulykke.

VG skriv at det britiske luftfartstilsynet Air Accident Investigation Branch (AAIB) etterforska ulykka. Her vart det konkludert med at opninga i rekkverket representerer ein fare for små born som går om bord eller stiger av eit fly. Dei oppfordra den gong Ryanair til å gå gjennom rutinane.

I rapporten frå AAIB kjem det i følgje VG fram at fire liknande hendingar er meldt inn.

Talsperson frå flyselskapet uttala den gong at nye, godt synlege barrierar skal på plass, og at det skal annonserast spesifikt til passasjerar som reiser med små born om å vere forsiktig.

I rapporten frå 2010 står det at operatøren gjekk gjennom rutinane for å minimere sjansane for at noko slikt skulle skje igjen. Ein godt synleg tape mellom flydøra og rekkverket.

Tor Valdvik er ikkje imponert over tiltaka som vart gjort.

– Dersom dette fortset er det berre eit tidsspørsmål før det går riktig ille, seier han til VG.

Det britiske luftfartstilsynet stadfestar i en e-post til Valdvik at hendinga ikkje er rapportert inn frå Ryanair, men selskapet skriv altså til Valdvik at dei har gått gjennom saka grundig.

VG har sendt Ryanair fleire spørsmål om ulykka med Oskar, og om Tor Valdvik vil få kompensasjon.

Ryanair skriv i ei stutt uttale til VG at barnet fekk behandling før dei kunne reise vidare.

– Det er for å unngå slike ulykker at vi krev at vaksne som reiser med små barn forsikrar seg om at dei held barna i hendene på rampa og ned flytrappa, står det i svaret frå talspersonen i Ryanair.