To eitt-målstap på Lom-jentene

Lom har fått frem en ny god årgang på fotballbana. Klubbens 2005-jenter vann sin vårserie og hadde håp om A-sluttspel i Norway Cup. Det toget har nå gått ettersom det på tysdag vart eit nytt eitt-målstap.

Målsjanse: Celine Svaet har ei kjempesjanse det ikkje var mål av.  Foto: Svein Halvor Moe

Nyheiter

AV: SVEIN HALVOR MOE

Det til tross for at jentene i kvite drakter var overlegne spelemessig mot Holmlia. Dei hadde ballen mest og skapa dei fleste og farlegaste sjansane.

Bydelsklubben makta det som Loms gode 14 og 15-åringer har slitt med så langt i årets Norway Cup. Nemleg å finne vegen til nettmaskene.

Dei unge tenåringsjentene brente den eine store sjansa etter den andre. Til stor fortviling for dei mange Lom-supporterane som fylgde kampen frå sidelina.

 – Vi må innrømme at vi ikkje har vore gode nok innanfor motstandarane sin 16-meter. Med normal utteljing så hadde vi hatt to sigrar og seks poeng nå. Men vi har ikkje klart å sette dei mange store sjansane som vi har spela oss fram til. Det gjer at vi framleis har til gode å ta poeng. Det er nå klart at det blir B-sluttspel på oss, sa Anna Krogstad etter at fløyta hadde gått for full tid i kamp nummer to. Ho trener dei energiske Lom-jentene som har gjort det så bra i kretsserien.

Der har dei spela niarfotball og på større baner enn det som sjuerlaga nyttar i verdas største fotballturnering.

Trenaren vil ikkje bruke mindre og trongare baner som unnskyldning for at det ikkje har gått så bra som ho skulle ynskjer. Men legg ikkje skjul på at fleire har slite med å takle både den omstillinga det er å spela på mindre baner og heitebølgja som slo inn over Oslo dei siste dagane.

Det var Celine Svaet som scora målet da det vart 1-2-tap for Vigra i den fyrste kampen.

– Det er god stemning i troppen sjølv om det ikkje har gått så bra som vi håpa på sportsleg. Det tok litt tid å riste av seg den verste skuffelsen etter Holmlia-tapet. Men nå har jentene vore på shopping og gjort litt andre ting. Det er forhåpentlegvis moglegheit for at vi kan få fleire kampar i B-sluttspelet dersom vi klarer å setje målsjansane våre, sa Krogstad som har med seg ti jenter frå Lom og Skjåk til Oslo.

Dei har alle gjort en flott figur i gigantturneringen.