Ospelitunnelen på Strynefjellet stengt natt til onsdag

Ospelitunnelen på riksveg 15 over Strynefjellet blir stengt natta mellom 30. og 31. juli i tidsrommet 23.00-06.00. Statens vegvesen stenger tunnelen i samband med geologisk inspeksjon etter at det har falt ned mindre steinar i tunnelen. Trafikken blir sleppt gjennom tunnelen tre gonger i løpet av natta

Stengt natt til onsdag: Ospelitunnelen på riksveg 15 over Strynefjellet blir stengt natt til onsdag i tidsrommet kl. 23.00-06.00. Tunnelen blir stengt i samband med geologisk inspeksjon. Det er omkøyring for personbilar via Gamle Strynefjellsveg.  Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

– Etter at det har falt ned nokre mindre steinar frå tunneltaket, skal ein av våre geologar sjekke om det er nødvendig å reinske taket for å hindre fleire nedfall. Vi gjennomfører undersøkingane nattestid når trafikken over Strynefjellet er liten for å vere til minst mogleg hinder for trafikantane, seier fungerande seksjonssjef Trond Røstadstuen i Statens vegvesen.

Anbefalt omkøyring for personbiler er via fylkesveg 258 Gamle Strynefjellsveg. For køyretøy med totalvekt over 7,5 tonn er anbefalt omkøyring via E136 og E39.

Omkøyring er ikkje skilta, men friteksttavler på E6 ved Otta i aust og riksveg 15 på Stryn i vest, varslar stenginga.

Ospelitunnelen blir ikkje stengt heile natta. Den blir stengt klokka 23:00, men trafikken blir sleppt gjennom tunnelen klokka 24:00, klokka 02:00 og klokka 04:00. Tunnelen er planlagt opna klokka 06.00onsdag morgon.

– Vi åpner Ospelitunnelen så fort dei geologiske undersøkingane er gjort. Følg med på trafikkmeldingene på vegvesen.no, oppfordrer Røstadstuen.