Magne Viggo vann tidenes gevinst i radiobingo

Eigentleg skulle Magne Viggo Bakken måndag kveld på telttur saman med ein nabo og sonen Jon Marius. I og med at det var spådd regnvêr, vart desse planane skrinlagt. Det er han glad for i dag.

Glad vinnar: Lykketalet er 3 for Magne Viggo Bakken etter at han måndag kveld vann 104.000 kroner i Gudbrandsdalsradioen sin radiobingo.   Foto: Vibeke Oddvik

Nyheiter

Måndag kveld vann Magne Viggo Bakken frå Skjåk heile 104.000 kroner i Gudbrandsdalsradioen sin radiobingo.

 Magne Viggo er overlukkeleg, og har fått gratulasjonar frå fjern og nær.

– Etter det vi veit er det ikkje tidlegare utbetalt større bingogevinst i Gudbrandsdalen, seier Vibeke Oddvik i lokalradioen.

– Det har ikkje gått opp for meg enda, seier ein glad Magne Viggo Bakken.

Han fortel at han var eitt nummer frå å vinne premie på to rekkjer. Da det skulle spelast om tre rekkjer og den store premiepotten, kom tala hans på rekke og rad.

Jokertalet vart 3 og Magne Viggo kunne juble over bingopremien.

Magne Viggo fortel at han slit med helsa og vil bruke premiepengane på blant anna å kjøpe seg el-sykkel og el-sparkesykkel.

Den 10. august fyller han 60 år, og skal feire dagen med biltur til Danmark med sønene sine.

Men at han skulle spela bingo denne siste måndagen i juli var inga sjølvfølgje.

Magne Viggo fortel at han spelar radiobingo når det passar.

Denne måndagen hadde han planlagt telttur saman med ein nabo og sonen Jon Marius.

Men, i og med at det denne kvelden var spådd regnvêr, vart desse planane skrinlagt.   

Etter at Magne Viggo var ferdig med å slå plen og køyre bort graset, stakk han innom butikken for å kjøpe bongar til radiobingoen.

­– Eg kjøpte fire bongar ved halv sju-tida, seier han.

Magne Viggo brukar av og til å spela bingo saman med sonen Jon Marius,  syster Gerd Anette Bakken og svoger Hallvard Braathen.

Denne måndagskvelden vil dei nok hugse lenge.

Bingokveld: Magne Viggo Bakken brukar av og til å spela bingo saman med sonen Jon Marius, syster Gerd Anette Bakken og svoger Hallvard Braathen.   Foto: Vibeke Oddvik