Lom G13 storspelar i Norway Cup

Loms G13-lag er klare for A-sluttspelet i Norway Cup etter to strake sigrar.

Sluttspel: Loms G13-lag er klare for A-sluttspelet i Norway Cup. Her er laget etter kampen mot Oppsal måndag. Bak frå venstre står Ole Ragnar Bakkom, Jonas Ulen Osmancevic, Erlend Sveen Aabakken, Marius Jevnheim Bakkom, Erlend Sveen Andreassen, Anders Aurmo, Lars Mallaug, Jo Sveen Aukrust, Kari Fjeld foran frå venstre: Ivar Sperstad, Mikkel Marstein, Ola Fjeld, Amund Bjørnstad Kolden. Fremst: Axel Schakenda  Foto: Peder Sperstad

Nyheiter

AV: ELDRI BJØRNSTAD KOLDEN

Sist det var lag i A-sluttspel i Norway Cup var Lom/Skjåk G14 i 2015.

Laget består av gutar frå Lom og Skjåk, i tillegg til ein innleigd vagvær. Fire av gutane er fødde i 2007, så dette er eit ungt lag.

Mange lag vel å ha med eldre spelarar på dispensasjon om dei har fåe spelarar til eit lag, Lomslaga gjer det ofte motsett og let heller yngre spelarar få prøve seg.

Til nå har laget spela to kampar. Sundag fekk Sveio svi i ein kamp som enda 7-1, med seks ulike målscorarar for Lom. Måndag vart det 5-1 siger over Oppsal. Ein kjempegod Oppsal-keeper gjorde at sigeren ikkje vart større.

Tysdag morgon er det gruppefinale mot Borg, som også står med to sigrar på 7-0 mot Oppsal og 6-0 mot Sveio, så alt talar for ein jamspelt kamp.

Laget frå Lom er usedvanleg jamt. Alle spelar i utgangspunktet like mykje og alle er like viktige. Dette gjev seg også uttrykk i at det er mange som scorar mål.

Trenarane Kari Fjeld og Ole Ragnar Bakkom har trena dei sidan dei gjekk i 1.klasse i Lom og Skjåk.

I tillegg til dette laget, deltek Lom med 2 lag i J14 (fødde 2005 og 2006) og eitt lag i G14.

SISTE:

Lom tapte 6-0 i kampen mot Borg.