MEINING:

Elsykkelkomikk i fjellheimen

Veodalen: Hit, men ikkje lenger, kjem du om du brukar elsykkel.   Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

av Odd Jan Hølmo, Vågåmo

I mai kom det melding frå Miljødirektoratet om at det er forbode å bruke elsykkel i nasjonalparkar. Dette gjeld for eksempel på vegen til DNT sine turisthytter i Glitterheim og Rondvassbu. Eg har forstått det slik at vi kan bruke elsykkelen dersom vi slår av «motoren» - grunngjevinga for forbodet har visstnok med motorferdsel i utmark å gjera.

Vi som bur nær fjellheimen og som oppfattar oss som normalt oppegåande folk etter obligatorisk skulegang, ristar nok ein gong oppgitt på hovudet over kva desse miljøbyråkratane kan finne på.

Eg høyrer rett nok ikkje like godt nå som da eg var yngre, men eg har iallfall ikkje høyrt nokon motordur frå ein elsykkel enda. Største støyen frå ein elsykkel kjem nok frå syklisten som slepp ut farlege miljøgassar både framme og bak.

Den farlegaste  «motoren» ligg nok i enden av vegen inn til turisthyttene, der det i mange år har stått dieselaggregat som brukar fleire titals tusen liter i året for oppvarming, straum og varmt vatn til hyttene. Ein elsykkel i landet vårt brukar som kjent fornybar energi til «motoren», men dette meiner miljøbyråkratane er mye farlegare for miljøet enn store dieselaggregat. Kvifor har ikkje det såkalla Miljødirektoratet lagt ned forbod mot slike store CO2-utslepp midt inne i våre nasjonalparkar for lenge sidan ?

Eg har berre vanleg trøsykkel, men eg har jobba i el-bransjen i over 40 år. Lyt eg da søke Miljødirektoratet om å få lov til å sykle på vanleg trøsykkel til Glitterheim eller Rondvassbu, når eg brukar eigen «motor» som har lang «el-bakgrunn» tru ?