Dartturnering i sommarvarmen

Det var varmt da Lom Dartklubb arrangerte sommarcup sist laurdag. Vinnar vart Thomas Liom frå Dokka.

Lom sommarcup: Deltakarane under laurdagens sommarturnering i dart samla.  Foto: Privat

Nyheiter

Det var ei varm affære med mykje darts da Lom Dartklubb arrangerte Lom sommarcup sist laurdag.

Turneringa samla 14 deltakarar frå Dokka, Oslo, Romerike, Trondheim og arrangørklubben.

I finalen vart det reint lokaloppgjer med to finalistar frå Dokka.

Thomas Liom vann finalen mot Jon Anders Sveum.

Lokale deltakarar i turneringa var Monica Holm, Håkon Kjørren, Espen André Skjåk, Rune Kjørren, Kolbein Kjørren, Jon Olav Kolden og Kjell Magne Lunna.

Håkon Kjørren kom til B-finalen og vart beste lokale deltakar.