Da «heile» verda møttest til speidarstemne i vesle Bismo

I august for 70 år sidan var, det som i dag er kommunesenteret i Skjåk, Bismo åstad for ei hending av dei sjeldne. Om lag 2.500 speidarar frå heile verda var samla på furumoane der det i dag er bustadfelt.
Nyheiter

Speidarar frå 41 land kom, og den da bortgøymde bygda vart eit internasjonalt sentrum, fullt av framande språk og skikkar.