Elveaktivitet, juving og elgsafari

Skjåk Adventure byr på spennande opplevingar i vakker natur - både i vatn og på land.
Nyheiter

Aktivitetsfirmaet Skjåk Adventure vart starta opp i byrjinga av juni i fjor, og har base på Ofossen Mølle - eit kulturhistorisk minnesmerke frå 1885 - rett aust for Bismo. Skjåk Adventure byr på aktivitetar i vatn og på land.

– Fjorårets sesong vart utruleg bra med tanke på at det var fyrste året vårt, seier dagleg leiar Bernt Dahl.

Han fortel at turistar frå mange land nytta seg av dei mange tilboda til Skjåk Adventure.

– Hovudtyngda blant kundane i fjor var norske barnefamiliar, men vi hadde også turistar frå land som Danmark, England, Tyskland, Nederland og Kina, seier Dahl.

Aktivitetsfirmaet opererer med såkalla «drop in», altså at kundane berre kjem innom for å kjøpe ein aktivitet, eller ringjer og bestiller stutt tid i forvegen. Skjåk Adventure har mange dyktige guidar med lang erfaring, og tryggleiken er heile tida i fokus.

Men kva er det firmaet kan tilby av aktivitetar? Jau, her finst det noko for ein kvar smak. Frå store fossande stryk i Ottaelva og teknisk krevjande rafting i Skjøle, til surfing i Ofossen og spennande familieturar.

– I tillegg til rafting i ulike variantar og nivå, tilbyr vi juving i Aura, elvebrett, og turar med oppblåsbare kajakkar, såkalla «ducky», seier Bernt Dahl.

Alle aktivitetane kan tilpassast nær sagt alle aldrar. Skjåk Adventure har turar som passar dei fleste. Frå familiar med små barn, til vaksne gruppar, skuleklassar og utdrikkingslag. Skjåk Adventure tek også på seg arrangement for bedrifter.

Bernt Dahl fortel at Skjåk Adventure også tilbyr elgsafari.

– Dette er nytt av året. Vi fekk faktisk fleire førespurnadar om dette frå utanlandske turistar i fjor. Så da fann vi ut at vi skal ha elgsafari i Skjåk som eit tilbod i år, smiler Bernt Dahl.

Den daglege leiaren angrar ikkje på at han starta opp aktivitetsfirmaet i fjor sommar. Heile familien er med og hjelper til i firmaet.

– Sidan høgsesongen vår er om sommaren, blir det sjølvsagt dårleg med ferie på familien, og det er svært intenst til tider. Likevel kosar vi oss med dette og føler vel eigentleg at det likevel blir ein slags ferie. Det at flesteparten av kundane våre er på ferie og kjem hit for å ha det artig, gjer at det blir ei svært positiv stemning. Alle er så blide og glade, seier Bernt.

Han hadde sjølv ingen erfaring med vassaktivitet før han starta firmaet i fjor, men har drive ein del med klatring, og har tidlegare hatt klatrekurs og drive med fjellføring.

På det meste er opp til ni personar i sving i Skjåk Adventure, når dei ulike aktivitetane blir gjennomført. Firmaet har allereie hatt fleire kundar, og håpar på ein god høgsesong også i år.

– I år har guidane brukt ein del tid på å trene i elva. Etter flaumen som var i oktober, har elva forandra seg utruleg og er heilt annleis å drive i enn i fjor. Vi tek tryggleik på alvor, og difor brukar vi mykje tid på trening. Guidane har vore ute fleire gongar om dagen og sjekka vassføring og korleis elvene oppfører seg, seier Bernt Dahl.

I tillegg til at guidane til ein kvar tid må trene seg sjølve for å vera førebudd på ting som kan skje, set Skjåk Adventure også visse krav til kundane sine. Ingen som kjøper ein aktivitet av Skjåk Adventure skal ha sjukdomar som kan framkallast av stress eller kulde, det er eit krav at du skal kunne symje, og ingen får vera påverka av rusmidlar under aktivitetane som blir utført. Aktivitetsselskapet held elles tryggleiksutstyr i samband med kvar enkelt aktivitet, og gjev instruksjonar og tryggleiksinformasjon til kvar enkelt før ein aktivitet tek til.