Klimaparken - ein tur 7.500 år attende i tid

Sidan 2010 har mellom tre og fire tusen menneske besøkt istunnelen i Juvfonna kvar sommar, vel 1.800 meter over havet – ikkje langt frå Galdhøpiggen.
Nyheiter

Utgangspunktet for istunnelen i Klimapark2469 var dei mange fonnefunna som stadig dukka fram frå 2006 og framover. Funn som vekte merksemd langt ut over Jotunheimens og Ottadalens grenser. Det var konkrete ting som fortalde ei historie, reiskap som synte korleis rein vart jakta på og sko og klede som kunne dokumentere og fortelja historie.

Paradokset i det heile, er at det er klimaendringar som gjer at desse fortidsminna dukkar opp. Til meir brear og fonner trekkjer seg attende, til meir finn ein.

Kva var vel meir naturleg å syne fram både funn og klimaendringar enn nettopp ute i naturen, tenkte ein – og tok til å grave i fonna.

Inne i isen vart fonnefunn utstilt, det vart ljossett og inst inne fekk ein plass til eit lite auditorium.

Dag Inge Bakke har vore med frå starten av det heile. Han arbeider som naturvegleiar på Norsk Fjellsenter og har eit spesielt ansvar for Klimaparken og istunnelen.

– Hausten 2011 hadde det smelta så mykje at det var hol i taket, og ein ny tunnel vart laga våren 2012. Den er det att av ennå, men mykje av inngangspartiet er borte. Elles er alt intakt og vi har laga tre nye rom i år, fortel Bakke.

Iskunstnaren Peder Istad har vore ansvarleg for designet og utsmykkinga inne i tunnelen.

I dei nye romma finn ein nå eit «lager» med kjerner frå den eldste isen på fastlands-Noreg, ein finn ein «diamant» og ein finn vår eigen klode forma av is.

– Det er mykje symbolikk i dette, og gjer turen inn enda meir spektakulær, seier Bakke.

At klimaet har endra seg sidan den fyrste tunnelen opna er lett å dokumentere.

– Godt over halvparten av volumet av Juvfonna er borte sidan 2010. Isen har trekt seg 80 meter attende og vertikalt er det borte 12 meter med is, seier Bakke. Heile landskapet har endra seg.

Å formidle kunnskap om klima, natur og miljø ved og i Juvfonna, tykkjer Bakke er enkelt.

– Det er så konkret, alle ser kva som har skjedd og skjer. Ein slepp å vera «streng», seier han.

På ein guida tur, som det er tilbod om sommarstid, blir det formidla mykje kunnskap; klima og miljø, natur og dyreliv og kulturhistorie.

Bakke fortel at dei fleste som besøker klimaparken er norske, mange familiar, og dei er interesserte i det som blir formidla.

– Vi har ni guidar som vekslar på å vera på fjellet eller på Norsk Fjellsenter. Dei er godt utdanna og har både kunnskap og erfaring som gjer at dei besøkande får mykje att for eit besøk, seier Bakke.

Kor lenge istunnelen vil vera intakt er vanskeleg å spå, men Bakke fortel at dei nå har store kvite dukar over tunnelen.

– Vi tek vare på snø og is slik ein gjer i skianlegg rundt omkring, og det hindrar nedsmeltinga, seier Bakke.

Tek du turen, vil du oppleva ein spektakulær ljossett istunnel og utstillingar. Inst inne vil du koma til ei steinur som ikkje har sett dagsens ljos på 7.500 år.

Ta turen til verdas kaldaste museum. Eit museum som fortel deg mykje, omframt den spektakulære opplevinga.

Det er to, somme gonger tre, daglege guidingar i den travlaste sommarsesongen.