Vågåsyklisten Tormod Weydahl satsar på å nå verdstoppen

I helga vart Tormod Weydahl nest beste nordmann i eliteklassa i europameisterskapet «Furusjøen Rundt». Den spreke vagværen utmerkar seg innan terrengsykling.

Gjer det bra: Tormod Weydahl i Vågå gjer det svært bra i terrengsykling. Etter 90 kilometer og fire timar på sykkelsetet vart han i helga nest beste nordmann i europameisterskapet «Furusjøen Rundt». Målet til Weydahl er å nå verdstoppen.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Vagværen Tormod Weydahl, som fyller 19 år neste månad, håpar at han ein dag kan sykle World Cup og koma i verdstoppen i terrengsykling.

– Det skal mykje trening og arbeid til for å nå eit slik framtidig mål, men det er nok ikkje umogleg, meiner Weydahl.

Han har drive aktivt med sykling sidan han var 13 år, og interessa for sykling har berre vorte større med åra.

– Terrengsykling er variert, og ei fin aktivitetsform. Å sykle i skog og mark er svært god og variert trening, seier den spreke vagværen.

I helga deltok Tormod Weydahl i «Furusjøen Rundt». I det 90 kilometer lange rittet, som også var europameisterskap, vart han nummer 22 i eliteklassa. Tormod sykla inn i mål etter om lag fire timar på sykkelsetet, berre 15 minutt bak vinnaren. Vagværen vart nest beste nordmann i rittet, der mange rutinerte utlendingar deltok.

– Målet var å gjennomføre rittet på ein grei måte, men eg var i god form, og er svært nøgd med ein 22. plass, seier Weydahl.

Helga før kom vagværen på ein 2. plass samanlagt under «TransØsterdalen» - eit tredagars sykkelritt, som var ein del av NorgesCupen for terreng maraton.

Fyrstkomande helg deltek Tormod Weydahl i det 53 kilometer lange «Valdresrittet», men så er det ferie. Eller?

– Det blir i alle fall ei pause frå konkurransesyklinga. Men eg vil nok bruke sommaren på å sykle. Ein må heile tida trene for å bli betre, veit du, seier Tormod, som trenar kvar einaste dag, og gjerne fleire gongar om dagen når det passar seg.

Nå er syklisten ferdig med tre år på Norges Toppidrettsgymnas (NTG). Han har søkt fleire studiar til hausten, men er usikker på om han vil ta ved nokon av dei om han skulle koma inn.

– Det er vel ikkje feil å seie at eg er skulelei. Så det kan nok hende eg tek meg eit friår nå. Det trur eg vil gjera godt for motivasjonen. Da kan eg prioritere trening og sykling for fullt, seier Weydahl, som utmerkar seg i kvart eit ritt han er med i, og stadig er eitt steg nærare verdstoppen i terrengsykling.