Kan du kuvettreglane?

I sommar skal både folk og dyr ut og nyte naturen. For å unngå konfliktar og ulykker lanserer friluftslivs- og bondeorganisasjonar kuvettreglar.

Lær deg kuvettreglane.  Foto: Fjuken/arkiv

Nyheiter

Sommeren er høgtid for å ferdast ute i naturen. Ikkje berre for turgåarar, men også for mange kyr. Dei siste åra har det vore fleire tilfelle der turgåarar har vorte skremt eller angripne av kyr. Det skuldast blant anna at det er fleire beitande kyr med kalv og begrensa kunnskap om korleis ein møter dyr på beite.

Nå har 17 friluftsorganisasjonar under Norsk Friluftsliv gått saman med Bondelaget, TYR, Tine Norges Bonde- og Småbrukarlag og Geno, og laga kuvettreglar. Husdyrnæringa og friluftsfolket håpar at kuvettreglane vil gjera det enklare for dyr og menneske å kunne nyte naturen saman.

– Det er nok av plass til både folk og dyr i utmarka, så beitande husdyr i eit område er absolutt ingen grunn til å unngå å gå tur der. Men som turgåar er det lurt å setja seg inn i korleis ein bør te seg i møte med beitande kyr. Da får både du og dyra ei trivelegare oppleving, seier Lasse Heimdal, generalsekretær i Norsk Friluftsliv.

Mange kyr på beite

Kvar år går 254.000 kalvar, kviger og kyr på sommerbeite i utmarka i Noreg. Beitedyra hels kulturlandskapet i hevd og bidreg til eit ope terreng der det er fint å gå på tur.

Sigrid Hjørnegård, generalsekretær i Bondelaget, forklarar at konfliktane oftast oppstår i situasjonar der kyr oppfattar at kalvane deira er truga.

– Kyr er som oftest trivelege dyr, men er nysgjerrige av natur og kan derfor oppfattast som pågåande. Som andre mødre er dei også opptekne av å beskytte kalven sin viss den opplever noko trugande. Ein turgåar med dei beste intensjonar, men som kanskje ikkje er van med store dyr, kan i nokre tilfelle oppfattast av kyrne som ein trussel.

Dette er kuvettreglane

  1. Hald avstand til dyra og gå utanom flokken
  2. Ikkje gå mellom dyra. Kyr kan bli pågåande og skape uønskte situasjonar
  3. Ikkje gå bort til kalven. Kua kan gå til angrep for å beskytte den
  4. Hundar bør ikkje takast med til beitande dyr. Hugs bandtvang 1. april til 20. august
  5. Kyr er nysgjerrige. Blir kuflokken pågåande, legg ned det du har i hendene og trekk deg unna. Du kan hente att utstyret etter at kyrne har gått
  6. Hvis du opnar ei grind, lukk den att også! Opne grinder gjer at dyra kjem inn på område dei ikkje skal vera, og som kan vera farleg for dei og andre

(norskfriluftsliv.no)