Tyskland-Nordkapp-Skjåk-og heimatt - med traktor og campingvogn

Dei tyske pensjonistane hadde tilbakelagt 6.300 kilometer da dei tok ei pause i Bismo laurdag føremiddag.
Nyheiter

Det var tydeleg at eitkvart fanga interessa ved Mogard gjestegard. Der står det nemleg «kollegaer» av doningane som dreg campingvognene gjennom Nord-Europa; veterantraktorar.

For fem veker sidan la Willy Fuchs og Egon Fleischner ut på den noko spesielle turen frå sør i Tyskland. Via Sverige og Finland nådde dei Nordkapp, noko Fjuken fekk sjå bildebevis på.

Nå har karane med kvar sin 55 år gamle traktor kome langt på heimveg.

– Om ei veke er vi heime, da har vi køyrt om lag 8.000 kilometer, utan problem av noko slag, seier Fuchs.

– Vi reknar med at ein del folk har prata med dykk på turen?

– Mange!? Tusenvis, seier Fleischner.

– Toppfarten? undrar vi.

– Er vi heldige kjem vi opp i 35 kilometer i timen, smiler Fuchs.

I natt hadde dei campa ved Grotli etter å ha kome frå Geiranger. Kor langt dei kjem laurdag er dei ikkje sikre på, men har lagt opp til å vera heime om ei veke.

Denne ekvipasjen vil nok vekkje merksemd på resten av turen også.