1 mill. frå banken til Ullinsvin

Sparebank 1 Lom og Skjåk har gjeve eit viktig bidrag til realisering av magasin og galleri i Ullinsvin.

Frå høgre: Knut Raastad, styreleiar Vågå historielag. Dag Aasheim, Vågå historielag. Kristin N. Lonbakken, marknadsansvarleg Sparebank 1 Lom og Skjåk. Steinar Løkken, Vågå historielag. Tora Sandbu, prosjektleiar Ullinsvin.  Foto: Privat

Nyheiter

Sparebank 1 Lom og Skjåk er ein av fleire økonomiske bidragsytarar til etablering av galleri og magasin i Ullinsvin i Vågå.

Nyleg overrekte Kristin Nygård Lonbakken, marknadsansvarleg i Sparebank 1 Lom og Skjåk, ein gåvesjekk på 1 million kroner til Ullinsvin AS, eigedomsselskapet til Vågå historielag, som eig det nye bygget.

– Støtta frå banken er eit viktig bidrag for realisering av bygget. Dette prosjektet hadde ikkje vore mogleg å gjennomføre for eit historielag utan økonomiske gåver og tilskot, da det ikkje var noko alternativ å  ta opp lån. Nå står vi med eit gjeldfritt bygg, noko som er unikt, seier Knut Raastad, styreleiar i Vågå historielag.

I tillegg til støtta frå banken, har Ullinsvin AS også motteke ei større privat gåve og offentlege tilskot til bygget, som har ein total prislapp på knapt 13 millionar kroner.

Lonbakken uttrykkjer stor entusiasme for satsinga i Ullinsvin. – Det er veldig viktig også for banken at vi har fått moglegheita til å vera med på å realisere dette. Eit fantastisk bygg og eit flott område som byr på unike kulturelle opplevingar, alt frå foredrag, konsertar, workshops, utstillingar, kurs, sanserom. Eller ein plass der ein berre kan sitje og nyte roa og utsikta med ein god kopp kaffe. Dette tykjer banken er ein fantastisk måte å få bidra attende til samfunnet på, der alle uansett alder, bakgrunn og livssituasjon, kan kome til Ullinsvin og finne ro og bli inspirert.

Lonbakken meiner satsinga i Ullinsvin vil bidra til å setje Vågå på kartet, ikkje bare regionalt, men også nasjonalt og internasjonalt, og ser fram til alt som skal skje der framover.

Prosjektleiar for Ullinsvin, Tora Sandbu, fortel at den offisielle opninga av Galleri Ullinsvin skal skje den 19. september med eit rikhaldig kulturprogram, som ho håpar vil bli godt besøkt av heile regionen. For den som vil besøke staden i sommar, har Ullinsvin mykje å by på både av utstillingar, konsertar, laurdagsaktivitetar for barn, kafe og den flotte prestegardshagen.

– Vågå har ein rik kunst- og kulturarv, og arbeidet med Ullinsvin er ein måte å vidareutvikle og synleggjere dette på. Vi ønskjer at satsinga i Ullinsvin skal kome både eldre og yngre i regionen til gode, i tillegg til å byggje opp under reiselivet som ein viktig besøksattraksjon, seier Sandbu, som også rosar banken som ein god støttespelar i satsinga.