Ordførarkandidaten i Lom Ap vil kjempe for dei svakaste i samfunnet

– Eg har vore der sjølv

– Alle skal med. Alle må få dei same moglegheitene. Vi må ikkje finne oss i at det skal bli større forskjellar på folk.

Vil ha eit raust samfunn: – Dersom folk snublar litt i livet, skal vi som samfunn vera med på å få deg opp att og gje deg ein ny sjanse, seier Sigrun Garmo, ordførarkandidat for Lom Ap. Ho vil ha eit trygt og godt lokalsamfunn, der alle blir teke godt vare på - uansett alder, helse, utdanning, yrke eller storleik på skillingboka.  Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

Sigrun Garmo (53 år), ordførarkandidat for Lom Ap, er båe ivrig og engasjert når ho pratar om sosialdemokratiet, om fellesskapet og arbeidarrørsla.