Kor mange tonn is har smelta vekk?

Is blir til vatn og renn vekk. Brear trekkjer seg metervis attende.

Gamle bilde: NVE har ei mengd gamle bilde av isbreane. Dette bildet er frå Storbrean, teke i 1908.  Foto: NVE

Nyheiter

Fredag 16. august opnar Norsk fjellsenter ei fotoutstilling som handlar om bresmeltinga i fjellet.

Utstillinga skal syne fram historiske brebilde frå 1880 til 1940. Ved sida av desse bilda får ein sjå ferske bilde av akkurat dei same breane – teke frå akkurat same vinkel.

– På det viset får vi synt fram kor mykje breane faktisk har minka. Vi håpar og trur at dette blir ei aktuell og tankevekkjande utstilling, seier Mai Bakken, dagleg leiar i Norsk fjellsenter.

Utstillinga heiter «Kor mange tonn» og er eit samarbeidsprosjekt mellom Norsk fjellsenter og NVE.

– Vi brukar arkivmateriale frå Gudbrandsdalsmusea og Norsk fjellsenter – og i tillegg får vi bruke bilde frå det rikhaldige fotoarkivet til NVE. NVE har fotografert isbreane opp gjennom åra, så her har vi ei fantastisk moglegheit til å syne fram kor mykje breane har endra seg. Spørsmålet er: Kor mange tonn is har smelta vekk? Med denne utstillinga får iallfall publikum sjå, med eigne augo, kor mykje breane har minka, seier Mai Bakken.