Familien Vole på Glitterheim

Får heiderspris

Tone og Knut Vole, som er vertskap på DNT-hytta Glitterheim, er tildelt «Friluftslivets Hederspris 2019».

Familien Vole: I fire generasjonar har Vole-familien vore vertskap på Glitterheim. Nå er det Tone og Knut Vole – og sonen Ola – som tek imot fjellfolket.   Foto: Privat

Glitterheim: – Mest av alt er Glitterheim ein institusjon for typiske fjellturistar, skriv juryen i si grunngjeving. arve danielsen  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

I fire generasjonar har familien Vole vore vertskap på Glitterheim. Nå blir dei heidra for sitt imponerande virke sidan hytta vart opna i 1901.

Friluftslivets Hederspris er den gjevaste heideren det er råd å få innan norsk friluftsliv. Heidersprisen vart delt ut for fyrste gong i 1995. Tidlegare vinnarar er blant andre HM Dronning Sonja, Lars Monsen og speidarrørsla.

Juryen peikar på at Glitterheim har vore vertskap for «Aktiv sommarferie» i Lom og Skjåk, at Vole-familien har vore opptekne av at bygdafolk skal inspirererast til å ta turen til fjells og at staden er ein møteplass for både by og bygd.

– Men mest av alt er Glitterheim ein institusjon for typiske fjellturistar. Tusenvis av fjellfolk i fleire generasjonar frå heile landet er takksame for familien Vole sitt dedikerte arbeid og innsats på Glitterheim, heiter det i grunngjevinga frå juryen.

Tone (42) og Knut (52) er fjerde generasjon Vole som er vertskap på DNT-hytta ved foten av Glittertind.

– Vi ser på dette som ei stor ære for oss på Glitterheim. For oss er dette ein livsstil som har fylgt familien Vole i mange generasjonar. Vi har alltid sett vår ære i at gjestane våre skal ha ei positiv oppleving av det friluftslivet vi kan tilby, i tillegg til hyggeleg stemning og god mat på hytta, seier Glitterheim-vertskapet, som er spente på om sonen Ola (14) ein dag vil ynskje å ta over.

– For oss er det óg viktig å gje barnefamiliar, barn og ungdom ein positiv start på friluftsinteressa. Det er stor stas når gjestar kjem innom og fortel at fyrste turen dei hadde i fjellet var på Glitterheim og at dei nå er ivrige turfolk sjølve, fortel Tone og Knut Vole.

Den norske Friluftsprisen blir delt ut av paraplyorganisasjonen Norsk Friluftsliv og friluftsfestivalen «Friluftsliv for alle».

Juryen består av Dag Kaas (leiar), Berit Lein (Miljødirektoratet), Lars Sponheim (fylkesmann i Hordaland), Trond Berg (NRK), Jan Bøhler (stortingsrepresentant Ap), Ingjerd Schou (stortingsrepresentant H), Arne Nævra (stortingsrepresetant SV), Kjell Haugen (Friluftsliv for alle) og Arne Danielsen (sekretær).