Sognefjellet blir nattestengt

Vinteren er på snarvisitt.

Sognefjellet: Slik ser det ut på Sognefjellet tysdag føremiddag. Det kan bli kvitt dei neste dagane.  Foto: Webkamera Statens vegvesen.

Nyheiter

Grunna dei heller skrøplege vêrmeldingane, har Statens vegvesen bestemt at fv 55 over Sognefjellet skal nattestengast tysdag og onsdag.

Det er venta kuldegrader og snø.

Fjellovergangen kan stengast på kort varsel før nattestening som gjeld frå klokka 20.