(Bildeserie frå kyrkjekonserten)

– Tusen takk for det de gjer for Skjåk og for country-Noreg

Countryfestivalarrangørane Lena og Geir Ove Melby fekk både munnlege og bokstavelege roser under årets kyrkjekonsert.
Nyheiter

– Det er heilt eineståande det de gjer. Tusen takk for det de gjer for Skjåk og for country-Noreg, sa skjåkordførar Elias Sperstad og overrekte blomar til Lena og Geir Ove Melby.

Tusenvis av countryglade menneske har i helga kosa seg på Skjåkøygarden, og festivalen i Skjåk blir rekna blant dei trivelegaste - både når det gjeld omgjevnader, miljø og oppførsel blant deltakarane.

For dei som ikkje deltek på sjølve festivalen, er kyrkjekonserten i Nordberg er godt høve til å få ein countrysmak.

I år stod fem artistar/grupper framfor altaret med god country-gospel.

Mellom dei, Sivert Bjørdal, det vissaste innslaget på festivalen i Skjåk.

– Eg veit faktisk ikkje kor mange gongar eg har spelt i Skjåk, men eg feirar 40-årsjubileum som artist i år, sa Bjørdal etter konserten.

Ein annan festivalveteran er Agnar Bakke. Det var i helga 34. gongen han køyrde artistar til Skjåk, og til og frå festivalområdet i Nordberg.

– Ein veit aldri om det blir ein neste gong. Nå når eg har bikka 70 år, må eg fornye busslappen kvart år. Så lenge helsa held vil eg vera med. Det er moro - det er derfor eg gjer det, sa Bakke.