Tende på sko til festivaldeltakar

Laurdagsnatta tende ein mann på skorne til ein annan deltakar på Countryfestivalen på Skjåkøygard.

Brende sko og promille: Ein mann vart bortvist frå Countryfestivalen etter å ha tend på skorne til ein annan festivaldeltakar. Politiet stoppa også ein bil der føraren var rusa.   Foto: Arkiv

Nyheiter

Det vart varmt under føtene til ein deltakar på Countryfestivalen på Skjåkøygard laurdagsnatta.

Klokka 00.38 fekk politiet melding om forstyrring av ro og orden på festivalen.

Ein mann i 20-åra hadde tend på skorne til ein annan deltakar.

Vedkommande måtte sjølv ta føtene fatt da han vart bortvist frå området til festivalen er avslutta.

Klokka 01.19 vart ein bil stoppa for kontroll i Dønfoss.

Det var krav om avregistrering av bilen og i tillegg var føraren rusa.

Sjåføren blir meld og politiet tok beslag av førarkortet.