Ola Grøsland og Sondre Bratland utnemnd til nye heidersmedlemar

Under Meisterkonserten sundag vart Ola Grøsland frå Vågå og Sondre Bratland frå Vinje i Telemark utnemnd til nye heidersmedlemar i FolkOrg.

Heidersmedlemar: Sondre Bratland og Ola Grøsland vart utnemnd til æresmedlemar i FolkOrg under Meisterkonserten sundag.   Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Styreleiar Hilde Reitan i FolkOrg sa under Meisterkonserten at dei hadde fått inn så mange forslag på gode kandidatar som forslag på nytt heidersmedlem, at dei i år gjorde eit unnatak og utnemnde to nye heidersmedlemar.