Rune Rudberg skapa stor stemning på Skjåkøygard

Rune Rudberg Band lanserte ny plate under Countryfestivalen i Skjåk og skapa stor stemning på Skjåkøygard.

Plateslepp: Rune Rudberg blir av mange kalla Noregs beste countryvokalist. Han og bandet skapa stor stemning på Countryfestivalen i Skjåk da dei sleppte si nye plate fredagsnatta.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

«Old Country» er namnet på den nye plata til Rune Rudberg sitt band og som vart sleppt under årets countryfestival i Skjåk.

Det var stor steming framfor hovudscena på Skjåkøygard da Rune Rudberg Band gjekk på scena ved eitt-tida fredagsnatta.

Stor stemning: Det var stor stemning framfor hovudscena da Rune Rudberg Band spela.   Foto: Tom Erik Solstad