Ny kappleiksiger for Tufskrøkjun

Tufskrøkjun vann gruppespel under Landskappleiken i Trysil i fjor. På heimebane i Vågå, vart det ny siger.
Nyheiter

Synne Grothe, Kari Grøsland, Astrid Sulheim og Ann Kristin Odnes går frå eine kappleiksigeren til andre. Dei er ikkje så tufsete som namnet tilseier.

I fjor vann dei gruppespel under Landskappleiken i Trysil.

På heimebane i Vågå gjekk kvartetten på nytt til topps i klassa.

I gruppespel junior vart Iselin, Ragnhild og Lina nummer fem. Dei tre felejentene frå Lom har etternamn Aukrust, Grøna og Brenden.

I klasse lagspel senior var det Heider Spellmannslag som vann. Gudbrandsdølenes spelmannslag vart nummer tre, Sør-Fron spelmannslag nummer fire, Lom spelmannslag nummer fem, Vågå spelmannslag nummer seks, Sel og Otta spelmannslag nummer sju, Mukampen spelmannslag  nummer ti og Eigentleg andre instrument nummer 28.

I lagspel junior vann Hedmark juniorspellmannslag med Lom juniorspelmannslag på andreplass. Sør-Fron juniorspelmannslag vart nummer tre og Vågå juniorspelmannslag nummer seks.

I open klasse vart Gjevre, Odde & Vårdal nummer tre, Hildegunn Hovde & Damer i D-dur nummer seks.

I klasse fele D var det to deltakarar: Arne M. Sølvberg frå Spelemannslaget Fjelljom vann, og Ivar Schjølberg frå Vågå spel- og dansarlag vart nummer to.

I halling stilte to deltakarar frå Vågå spel- og dansarlag. I halling B vart Joakim Øyen Dagsgard nummer åtte, og i halling D var Rolf Bjørgan einaste deltakar.