Astrid, Mari og Aslak kom til finalen

Astrid Sulheim og Aslak Brimi kom til finalespel i klasse A, medan Mari Midtli kom til finalen i vokal A.
Nyheiter

Fredag kveld var det finalar i klasse vokal A, spel fele A og spel hardingfele A.

Finalistar i Vokal A var Mari Midtli, Sel og Otta Spel- og dansarlag, Stian Johan Roland, Øystre Slidre Spel- og dansarlag og Camilla Granlien, Ringebu Spelemannslag.

Finalistar i spel fele A var Andreas Bjørkås - Oppdal Spell- og dansarlag, Aslak O. Brimi, Lom spel- og dansarlag og Astrid Sulheim, Lom Spel- og dansarlag.

Finalistar i spel hardingfele A var Per Anders Buen Garnås, Spelemannslaget Bøheringen, Ottar Kåsa, Falkeriset Folkemusikklag og Alexander Aga Røynstrand, Hardanger Spelemannslag.

Vinnarane i kvar klasse blir kåra under meisterkonserten sundag.