Opnar kunstutstilling på Fossheim steinsenter:

– Denne gongen ville eg gjera noko som kjendest utrygt

– Landskap og natur har aldri vore mi «greie», men nå har eg gjort det óg, seier Geir Garmo. Laurdag opnar han kunstutstilling på Fossheim Steinsenter i Lom.

Ulike teknikkar: Ulike teknikkar og ulike motiv - men bilde frå Lom er det fleire av.  Foto: privat

Nyheiter

Kunstnar Geir Garmo ler. Den snart 40 år gamle lomværen er busett i Oslo, men han er i heimbygda med jamne mellomrom.