Stort engasjement rundt industribygget

Det er stort engasjement i høve kva industribygget i Eggjalia skal nyttast til.

Fellesskap: – Vi ynskjer å få til gode tilbod og aktivitetar som ikkje berre skal fengje ungdom, men fleire generasjonar, sa Merete Byre-Haakensen, Jens Gunnar Øygard og Robert Strind.  Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

Tysdag føremiddag fekk kommunestyret i Lom besøk av Merete-Byre Haakensen, Robert Strind og Jens Gunnar Øygard. Sistnemnde er leiar i ungdomsrådet, medan Byre-Haakensen og Robert Strind har engasjert seg i saka fordi dei er foreldre – og fordi dei ser at ungdom og andre treng eit meir utvida aktivitetstilbod enn det Lom kan by på i dag.