Neste år blir det fiber på Skuggestrond:

Ut av internettskuggen

– Beste nyheita på årevis. Dette er viktig for alle som bur i grenda vår.

Endeleg: – At vi får fiber på Skuggestrond er den beste nyheita på årevis, seier Kjell Brandsar og Øystein Garmo.  Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

Kjell Brandsar og Øystein Garmo er smørblide. Dei to har sidan februar 2018 hatt fleire møte med Eidsiva om utbygging av fiber på Skuggestrond.