Kristin spela til siger under Landskappleiken

Kristin Kolden frå Lom spel- og dansarlag spela seg til topps i klasse fele B under Landskappleiken.
Nyheiter

Torsdag kveld var den fyrste premieutdelinga under Landskappleiken.

I klasse fele B gjekk Kristin Kolden frå Lom spel- og dansarlag til topps i klassa med 74 poeng.

Thea Marie Ytterdal frå Valldal spelemannslag vart nummer to med 72 poeng.

Ingebjørg Hammerdalen frå Lom spel- og dansarlag vart nummer tre med 70 poeng.

Øyvind Sandum frå Vågå spel- og dansarlag vart nummer fire i klassa som hadde åtte deltakarar.

I klasse fele C vart Ragna Valde Sletten frå Vågå spel- og dansarlag nummer tre i klassa.

Lom spel- og dansarlag stilte med åtte deltakarar i denne yngste klassa.

Ragnhild Grøna vart nummer åtte, Lina Brenden nummer ti, Iselin Anna Aukrust  nummer 12, Åste Sulheim Viken nummer 14. Ingrid Grøna og Magnhild Moen Helland delte 17. plassen, Hanne Kjøk og Synne Kjøk delte 20. plassen.

I klasse vokal C stilte det fem jenter frå Lom spel- og dansarlag.

Hanne Kjøk vart nummer fem, Synne Kjøk nummer seks, Iselin Anna Aukrust nummer sju, Magnhild Moen Helland nummer åtte og Lina Brenden nummer ni.

I klassa for lagdans junior, vart Vågå juniordansarlag nummer tre og Lom hallingdansgruppe nummer sju.

I klassa for lagdans senior vart Vågå dansarlag 1 nummer 21 og Vågå dansarlag 2 nummer 25.

Skjåk spel- og dansarlag vart nummer 34 i klassa.