Åtvarar mot useriøse telefonseljarar

Eidefoss Strøm åtvarar mot useriøse telefonseljarar og ber straumkundar om å ta kontakt om dei har vorte lurt.

Ulovleg marknadsføring: Kundar i Eidefoss har meldt frå om ulovleg sal og marknadsføring av useriøse telefonseljarar.   Foto: arkiv

Nyheiter

Kundar i Eidefoss melder om ulovleg sal og marknadsføring av useriøse telefonseljarar.

Eidefoss skriv i ei melding som er sendt straumkundar, at nokre av salsargumenta dei brukar er ynskt oppkjøp av Eidefoss, samarbeid med Eidefoss, og lovnader om fleire tusen kroner spart mot at ein bytter leverandør.

Dersom nokon har vorte lurt eller gått i fella, ber Eidefoss om at kundar tek kontakt.