Trafikk som i fjor

Turistinformasjonen i Lom er bra besøkt.

Bildebok: Øyvind Sveen Volden og Julie Garmo med ei ny bildebok frå Lom og Jotunheimen. – Ved å bla i denne er det lettare for turistane å finne ut kva dei vil prioritere å sjå og oppleva når dei er i Lom, fortel dei.  Foto: Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

Utan å syne til statistikk, men kvalifisert utifrå tidlegare erfaring, seier Øyvind Sveen Volden at sommaren til nå er lik som i fjor.

– Vi reknar med at det blir noko meir trafikk nå som skuleferien har starta, seier han.

Saman med Julie Garmo var han klar til å informere besøkande turistar om kva det måtte vera om Lom og Jotunheimen da vi stakk innom måndag.