Vogntog har køyrd av vegen

Eit utanlandsk vogntog har køyrd av riksveg 15 vest for Tessand. Sjåføren er uskadd.

Køyrd av vegen: Eit russisk vogntog har køyrd av riksveg 15 vest for Tessand.  

Nyheiter

Klokka 20.44 fekk politiet melding om eit russisk vogntog som har køyrd av riksveg 15 vest for Tessand.

Ulykka skjedde nedanfor Sygard Storvik.

Førar er ute av bilen og seier seg uskadd.

Operasjonsleiar Kjartan Waage fortel at vogntoget var lasta med kablar.

- Det er uvisst kvifor vogntoget har køyrd av vegen, seier Waage.

Han fortel at det er språkproblem med å få forklaring frå sjåføren om kva som er årsaka til utforkøyringa.

Waage fortel at vogntoget ligg godt av vegen og er ikkje til hinder for anna trafikk på riksvegen.

- Det er bestilt berging frå Dombås, seier Waage.

Vegfarande må rekne med venting under bergingsarbeidet.