Vågå trekkspelklubb skal arrangere Landsfestivalen i 2021

I 2020 skal Landsfestivalen i gammaldansmusikk arrangerast på Harpefoss, og i 2021 skal festivalen til Vågå att. Da med Vågå trekkspelklubb som arrangør.

Festivalarrangør: Vågå trekkspelklubb har søkt og fått tildelt Landsfestivalen i gammaldansmusikk i 2021.  Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

Våren 2019 melde Vågå trekkspelklubb seg inn i FolkOrg.  Nå har dei fått tildelt Landsfestivalen i 2021.

Trekkspelklubben melde seg inn blant anna for å kunne stå som arrangør av Landsfestivalen i gammaldansmusikk.

Dei sende ein open søknad om å få arrangementet eit av åra 2020, 2021 og 2022, og fekk tildelt arrangementet i 2021.

FolkOrg gjev all honnør til det heilt ferske medlemslaget som har både mot og vilje til å ta på seg dette store arrangementet.

Styreleiar i Vågå Trekkspelklubb, Rikard Odnes, nemner to jubileum som skal feirast i Vågå i 2021.

– Det er stas å få feire at det er 30 år sidan Landsfestivalen var i Vågå for fyrste gong. Det er også ein fin anledning til å feire Vågå Trekkspelklubb sitt 45-års jubileum, seier Odnes til FolkOrg.

I 2020 skal Landsfestivalen i gammaldansmusikk arrangerast på Harpefoss, med Sør-Fron spelemannslag og Mukampen spelemannslag som arrangørlag.

Styreleiar i FolkOrg, Hilde Reitan, trekkjer fram at styret har vore i ein svært utfordrande situasjon med tanke på manglande søknadar innanfor fristane som har vore sett.

 – Det er ikkje til å underslå at vi har hatt utfordringar med å få lokallag til å ta på seg Landsfestivalen, og styret var  difor svært tilfredse da vi heilt på tampen fekk  inn søknad både frå Sør-Fron og Mukampen spelemannslag og frå vårt nye medlemslag, Vågå Trekkspelklubb. Vi gler oss over at vi har  sikra gode arrangørstader for Landsfestivalen i gammaldansmusikk, avsluttar Hilde Reitan.  

Stor stas: – Det er stas å få feire at det er 30 år sidan Landsfestivalen var i Vågå for fyrste gong. Det er også ein fin anledning til å feire Vågå Trekkspelklubb sitt 45-års jubileum, seier styreleiar i Vågå Trekkspelklubb, Rikard Odnes.  Foto: Arve Danielsen/arkiv