Slutt for bussar på Strynefjellet

Fredag vart det sett opp nye skilt på fv 258.

Forbode: Nå kan ikkje turistbussar køyre Gamle Strynefjellsveg.  Foto: Anna Aaboen Bruland

Nyheiter

Skilta syner at det nå er forbode med køyretøy over 8 meter og med akseltrykk over 8 tonn på vegen. Forbodet gjeld frå rasteplassen ved bommen på skjåksida av fjellet.

Ordførar i Skjåk, Elias Sperstad, sa til Fjuken, etter at Statens vegvesen hadde fatta vedtaket, at han ikkje tykte noko om det.

– Det er rett og slett trist at det blir slutt på ein hundreårig tradisjon som overlandkøyringa er, seier han. Cruiseturistarne har opplevd ei veghistorisk perle når dei har vore med bussar og køyrt Gamle Strynefjellsvegen, sa Sperstad til Fjuken i januar.


Statens vegvesen stenger Gamle Strynefjellsveg for bussar:

– Det er rett og slett trist. Vegen må få fast dekke.

Frå sommaren blir det slutt på overlandskøyringa på Strynefjellet.

 

– Dette er rett og slett trist, seier skjåkordførar Elias Sperstad:

Blir stengt for tyngre bilar

Når Gamle Strynefjellsvegen opnar til våren, vil han vera stengt for mellom anna turbussar.