Livsfarleg forbikøyring

Det har skjedd mykje langs vegen i Skjåk dei siste dagane. Denne videoen syner at det kunne skjedd meir.
Nyheiter

Geir Arne Midtgaard var onsdag på veg frå Oslo til Måløy, da han vart utsett for noko dei fleste vil unngå.

Midtgaard kom køyrande i 90-sona på rv 15 i Måsåbakkane, ikkje langt frå der ei alvorleg bilulykke skjedde same dag, opp mot Grotli da ein bubil foretok ei forferdeleg forbikøyring i ein sving.

Midtgaard har kamera på dashbordet, slik at han fekk filma opplevinga. Han har delt filmen på Facebook.

– Det var ei jævlig oppleving for å seia det mildt, fortel han. Plutseleg kom han der! Takk gud for at eg har gode bremser, og at det ikkje var bratte kantar ned frå vegen, seier han. Slike sjåførar skulle mista førarkortet for 30 år.

Denne gongen gjekk det heldigvis bra, men tre ulykker på rv. 15 på få dagar er tre for mange.

(Datoen på videoen er ikkje reell. Forbikøyringa skjer mot slutten av opptaket)