Sivert til finalen i N-Games på Otta laurdag

I vinter og vår har det vorte gama i Nord-Gudbrandsdalen. Nå er det klart for finale.

Klar: Sivert Plassen er klar for finale i N-Games, som Harald Ødegaard og Vetle Rusten står bak.  Foto: Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

N-Games er ei e-sport-tevling (dataspel, journ. merk.) som den friviljuge organisasjonen Blue Elite Sports på Otta står bak.

– Vi har ynskt å tilby eit fritidstilbod til dei som fell utanfor det «alle andre» driv med, anten det er idrett eller kulturskule, seier Vetle Rusten og Harald Ødegaard, eldsjelene bak heile opplegget.

Gaminga, eller spelinga, har skjedd på biblioteka i Nord-Gudbrandsdalen, og biblioteka har fått støtte frå Nasjonalbiblioteket, regionråd og fleire bankar for å gjennomføre N-Games.

Til siste kvalifiseringsrunde på Lom folkebibliotek, før finalen som skjer på Otta laurdag, møtte berre Sivert Plassen frå Lia opp. Han var allereie kvalifisert, men kunne tenkje seg ei speløkt likevel.

I tillegg til Sivert er fem andre lomværar kvalifisert. Frå Skjåk har 11 gått til finale og frå Vågå 10.

Det er «uskuldige» dataspel det blir konkurrert i.