Åtte månader etter flaumen kom buksa hans til rette

– Eg hadde aldri trudd at eg skulle sjå att denne buksa! Dette var artig!

Arbeidsbuksa: Arbeidsbuksa til Ole Jonny Runningen dukka oppatt, etter å ha vorte borte under oktoberflaumen.   Foto: Privat

Klesstativet: Slik såg det ut hjå Ole Jonny under oktoberflaumen. Arbeidsbuksa hang på klesstativet.  Foto: Vigdis Kroken/Arkiv

Nyheiter

Det seier Ole Jonny Runningen, som bur ved gamle Vollungsbru i Skjåk.

Arbeidsbuksa hans hang på klesstativet på plenen utanfor huset, som vart teke av vassmassane under flaumen i oktober. Nesten åtte månader seinare, dukka buksa til snikkaren oppatt i helga.

– Eg hadde vore borte ein tur, og da eg kom heim låg arbeidsbuksa mi nyvaska og nystroke utanfor inngangsdøra, fortel Ole Jonny Runningen.

Det viste seg at det var drivaren av Øya Økocamp - som ligg eit steinkast unna - som hadde grave fram buksa på campingplassen, og levert ho attende til eigaren.