Skal bruke helikopter for å ta vassprøver i tre vatn

Eit nasjonalt prosjekt i regi av Norsk institutt for vannforskning (NIVA) skal bruke helikopter for å ta vassprøver i tre vatn i Vågå; Birisjøen, Skytningen og Tjørnosen.

Birisjøen: NIVA skal bruke helikopter for å ta vassprøver i tusen innsjøar i Noreg. I Vågå er det tre vatn det skal takast vassprøver frå. Birisjøen er eitt av vatna.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Effektar av ureina luft og nedbør på vassressursar skal nå følgjast opp gjennom ei undersøking av om lag tusen innsjøar i heile Noreg. Det er NIVA som skal gjennomføre undersøkinga på oppdrag frå Miljødirektoratet.

Sist det var ei liknande stor undersøking var i 1995.

I Vågå er det vatna Skytningen, Tjørnosen og Birisjøen det skal takast vassprøver frå.

Det skal brukast helikopter for å hente opp vassprøvene.

NIVA har søkt Vågå kommune om løyve til å bruke helikopter for å ta vassprøvene.

Det eine av vatna, Birisjøen, ligg innafor Stuttgonglie naturreservat. Motorferdsel i dette området krev også dispensasjon  frå verneforskrifta.

Hovudutval for teknisk, landbruk og naturforvaltning skal behandle søknaden fredag.

Rådmannen rår i si innstilling til å gje løyve og dispensasjon frå verneforskrifta for å ta vassprøver ei dei tre vatna i kommunen.