Over 100 åttandeklassingar på Opptur med DNT

Over 100 åttandeklassingar frå Vågå, Heidal og Otta deltok da DNT Gudbrandsdalen arrangerte Opptur førre veka. Her er turleiarane si skildring av turen.

Opptur: Over 100 åttandeklassingar frå Vågå, Heidal og Otta deltok på DNT Gudbrandsdalen sin Opptur førre veka.   Foto: Privat

Nyheiter

Årets Opptur for 8. klassingar hadde rekordstor deltaking  i Gudbrandsdalen - med over 400 elevar som deltok på den nasjonale turdagen. 

I år arrangerte DNT Gudbrandsdalen Opptur tre stader, to turar i Nord-Gudbrandsdalen og ein tur for Sør-Fron, Nord-Fron og Ringebu. Turane i Nord-Gudbrandsdalen gjekk til Trollhø ved Lemonsjøen og Raudberget på Lesjaskog.


OPPTUR 2019 – Tur mot Trollhøe for Heidal, Otta og Vågå

OPPTUR er ein av dei hyggelegaste arrangementa vi har og i dag var det tre arrangement i DNT Gudbrandsdalen sitt område, blant anna på Lemonsjøen.

På Lemonsjøen hadde vi med oss over 100 åttendeklassingar frå Heidal, Otta og Vågå oppover mot Trollhøe.

Veret var ikkje det aller beste, men vi la i veg med godt mot frå Kalven seter. Litt blautt og sølete i starten og skikkeleg bratt den fyrste biten, så det var godt da det flata litt meir ut da vi kom opp mot Geithøi.

Vi fortsette opp mot Kalvtjørnbekken der vi bestemte oss for å stoppe å eta nista vår. Dessverre letta ikkje veret noko særleg slik det var spådd. Sikta var ikkje den beste og mange var blaute og kalde så vi bestemte oss for å snu der og koma ned til bussane litt tidlegare enn det vi fyrst hadde tenkt.

Det viktigaste er å vere ute på tur saman, og som fjellvettreglane seier «Vend i tide, det er ingen skam å snu».

Vi turguidane hadde ein strålande tur saman med alle åttendeklassingane og lærarane deira, og vi gler oss allereie til tur med nye åttandeklassingar neste år.

Turhelsing frå

Mona og May Britt


Fakta om OPPTUR:

OPPTUR er ein nasjonal turdag for norske åttendeklassinger, arrangert av Den Norske Turistforening sine medlemsforeiningar.

DNT Gudbrandsdalen arrangerte Opptur i samarbeid med Regionrådet for Nord-Gudbrandsdal.

OPPTUR vart arrangert for 14. gang i 2019. 

Over 34.000 ungdommar deltok på OPPTUR i 2018, over halvparten av landets 8. klassingar.

Det var 120 OPPTUR-arrangement over hele landet i fjor.

Turane er om lag 10 kilometer lange og går til ein topp eller liknande i nærområdet.

Fokus på arrangementet er sosialt samvær, naturopplevingar og fysisk aktivitet.

Deltaking på OPPTUR er gratis for skulane.

Start: Det var blautt og skodde da turen starta ved Kalven seter.   Foto: Privat