Ungodmspraten:

– Lom manglar ein møteplass for bilinteresserte

Viljar Smedsmo Vinsrygg: 14 år i august, går i 8. klasse på Lom ungdomsskule, bur i Lom, har gard og ting som durar som hobby og ser fram til å få førarkort på bil.

Motorinteressert: Viljar Smedsmo Vinsrygg i Lom likar ting som durar. Åttandeklassingen gler seg til å ta førarkortet om nokre år.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Kva er mest spennande med Lom?

– Den fine naturen, og at det er så fin ein plass. Og ikkje minst at det er roleg her. Det tykkjer eg er bra, for eg er ikkje glad i store folkemengder, og store plassar. Det er passeleg med folk i Lom, tykkjer eg.