Landskappleiken i Vågå:

Ny rekorddeltaking

Alle vil til Vågå på kappleik. På nytt kan arrangøren Vågå spel- og dansarlag gle seg over rekorddeltaking under Landskappleiken 26. - 30. juni.

Hovudkomiteen: Om tre veker brakar det laus med Landskappleiken Hovudkomiteen med Hege Vaagaasar, Kjærsti Gangsø, Steinar Løkken, Torunn Elise Kveen, Arne Stasviken, Heidi Srømstad, Geir Inge Stadeløkken, Leif Inge Schjølberg og Wenche Brun har kontroll på det meste. Mange av dei var også med i 2016.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Om tre veker brakar det laus med ny Landskappleik i Vågå.

– Eg trur vi har kontroll på det meste. Det vi ikkje har kontroll på nå, får vi kontroll på, seier Kjærsti Gangsø, leiar avhovudkomiteen.

Sist spel- og dansarlaget stod som arrangør i 2016, var det rekorddeltaking.

Til årets kappleik er det påmeldt 494 startnummer med totalt 1.620 deltakarar.

– Det er stor deltaking i juniorklassene, seier Leif Inge Schjølberg, leiar for tevlingane.

– Dette er høgaste deltakartalet i nyare tid, seier Gangsø.

For å gjennomføre eit såpass stort arrangement, er ein avhengig av friviljuge.

Heidi Strømstad som er leiar for dei frivikljuge, fortel at ho har 498 personar på lista si.

– Vi har nok friviljuge, men har oppgåver for dei som har lyst til å bli med, seier ho.

Gangsø fortel at dei har eit godt samarbeid med Lions Club Vågå, Vågå idrettslag, Vågå røde kors hjelpekorps under arrangementet.

Landskappleiken i 2016 gav eit overskot på 1,3 millionar kroner.

Komiteleiar Gangsø fortel at dei har som mål å få overskot i år også, men fortel at dei denne gongen har støre kostnader og høgare kvalitet på arrrangmentet, noko som gjev større utgifter.

Det er eit rikhaldig program arrangøren har å by på, i tillegg til tevlingane.

Det er statssekretær Frida Blomgren i kulturdepartementet som skal stå for den offisielle opninga under opningskonserten i Vågåhallen onsdag 26. juni. Der deltek også lokale spelemenn og dansarar.

På kulturprogrammet står avduking av Ole Bull-statuett i Ullinsvin, konsert i Vågåkyrkja, kultursykling, kveldsseto på Sve gardsbrenneri, gokartevling ved Lasaronstolpen, sjokoladekappleik og utekonsert med Beck og Skeidsvoll i sentrum - eit arrangement i regi av Norsk kulturarv.

Arne Stasviken som har ansvar for kulturdelen under kappleiken, fortel at folkemusikkmessa i Vågåkyrkja sundag blir teke opp av NRK og sendt i radioen ved eit seinare høve.

Som kjent kjem H. M. Dronning Sonja til meisterkonserten sundag.

– Vi håpar at flest mogleg stiller i bunad under konserten, seier Kjærsti Gangsø.